Sherpatrappene mot Kvandalsstølen i Hardanger

Sherpatrappene til Kvandalsstølen tek deg opp gjennom eit vakkert og frodig vestlandslandskap. Kvanndalselva følgjer delar av ruta, og allereie frå dei første stega får du ei flott naturoppleving.

Stølsstien har røter heilt tilbake til 1600-talet og kombinerer natur, lokalhistorie og kultur. Dei siste åra har erfarne sherpaer frå Khunde i Nepal bygd om lag 1800 steintrinn langs ruta, noko som har gjort den gamle stølsvegen endå meir særmerkt.

Guida tur til Kvandalsstølen

Hardanger Fjellguide arrangerer guida turar opp Sherpatrappene til Kvandalsstølen. Turen kan tilpassast både nivå, ønskje og kor lang tur du vil ha.

  • Rolig tur til Kvandalsstølen
  • Familietur
  • Lengre rundtur i fjellet
  • Tur med lokalhistorie og naturformidling

For dei som ønskjer ein lengre tur, kan vi leggje opp rundtur der du får oppleve fleire sider av fjellet og området rundt Kvanndal. Undervegs deler vi lokalhistorie og kunnskap om naturen, stølsdrifta og landskapet.

Vi kan også hjelpe med logistikk og transport dersom ruta krev det. Du kan dermed konsentrere deg om sjølve turen, naturen og utsikta.

Turinformasjon

Rute Sherpatrappene til Kvandalsstølen
Sesong Mars – oktober
Gradering Enkel / middels
Varigheit 3–6 timar
Lengd Om lag 10 km
Høgdemeter Om lag 700 høgdemeter
Deltakarar Minimum 6 personar
Oppmøte Coop Granvin kl. 08:30
Pris 1000 kr per person
Påmeldingsfrist: 5 dagar
Grupperabatt: 15 %
Vil du bli med på guida tur til Kvandalsstølen?
Ta kontakt for påmelding eller spørsmål om turen.
Meld deg på

Bilde frå turen

```