Frå Oksenhalvøya får du ei av dei mest spektakulære utsiktene i Hardanger. Her ser du heile fire fjordarmar – Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden og Granvinsfjorden.
På klare dagar kan du sjå både Folgefonna, Hardangervidda og den karakteristiske forma til Hardangerjøkulen. Dette er utan tvil ein av dei mest imponerande fjellturane i regionen.
Guida tur på Oksenhalvøya
Hardanger Fjellguide arrangerer turar til alle dei tre fjella på halvøya – Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell. Turane blir tilpassa nivå, ønskje og forhold, og kan gjennomførast som klassisk dagstur eller som ei meir spesiell fjelloppleving.
- Klassisk topptur til Oksen
- Rundtur over fleire toppar
- Solnedgangstur i fjella
- Måneskinstur
Guidane våre kjenner området svært godt og tek deg gjerne med til dei beste utsiktspunkta og dei mindre kjende rutene. Undervegs deler vi lokal historie, naturkunnskap og historier frå fjella i Hardanger.
Turinformasjon
| Rute | Oksenhalvøya – Oksen, Ingebjørgnuten og Midtfjell |
| Sesong | Mars – september |
| Gradering | Middels |
| Varigheit | 5–7 timar |
| Lengd | Om lag 14 km |
| Høgdemeter | Om lag 1200 høgdemeter |
| Deltakarar | Minimum 6 personar |
| Oppmøte | Coop Granvin kl. 08:30 |
| Pris |
1400 kr per person Påmeldingsfrist: 5 dagar Grupperabatt: 15 % |
Ta kontakt for påmelding eller spørsmål om turen.
Meld deg på
Bilde frå turen
