Me guidar dei fleste kjende toppturane i områda Hardanger og Voss. Ta gjerne kontakt, så skreddarsyr me ein tur som passar dine ønskjer, nivå og forholda i fjellet. Under finn du eit utval av turane me tilbyr.
Topptur på ski på Osafjellet i Ulvik
Topptur på ski

Toppturar på Osafjellet

Osafjellet i Ulvik er eit av dei flottaste toppturområda i Hardanger. Her finn du store høgdeforskjellar, lange nedkøyringar og utsikt mot fjord, bre og høgfjell – i eit område der det ofte er god plass.

Onen, Skorsonen og Osaskavlen er blant dei mest spennande turmåla. Kva tur me vel, blir tilpassa snøforhold, vêr, skredfare og nivået i gruppa.

Osafjellsvegen gir tilgang til høgfjellet og gjer Osafjellet til eit spesielt godt utgangspunkt for toppturar. Vegen går heilt opp mot 1100 moh., og blir normalt brøyta eit stykke opp på fjellet gjennom vinteren.

Området byr på mange ulike turmoglegheiter gjennom ein lang sesong. Me har gått topptur her allereie i slutten av september, medan våren ofte gir svært gode forhold for lange turar og flotte nedkøyringar.

Eit meir krevjande alternativ er å starte frå Kjeåsen, den kjende fjellgarden 530 meter over Simadalsfjorden. Herifrå går turen vidare opp mot Onen, med ei lang og spektakulær nedkøyring tilbake mot Kjeåsen.

Frå dei høgaste toppane får du vid utsikt over Hardanger og mot mellom anna Hardangervidda, Vassfjøro, Folgefonna, Hardangerjøkulen og fjella kring Voss.

Aktuelle turar
Osafjellet – Onen – Skorsonen
Osafjellet – Osaskavlen – Osete
Kjeåsen – Onen
Sesong
Osafjellet: november–juni
Kjeåsen: april–juni
Nivå
Krevjande. Du bør vere i god fysisk form og ha erfaring med topptur på ski.
Varigheit
Osafjellet: normalt 6–8 timar, rundt 1000 høgdemeter
Kjeåsen – Onen: normalt 7–9 timar, rundt 1300 høgdemeter
Oppmøte
Normalt Coop Granvin. Tidspunkt og endeleg oppmøtestad blir avtalt før turen.
Gruppestorleik
Små grupper. Ta kontakt for å avtale tur og aktuelle datoar.
Kart over Kjeåsen, Onen og Osafjellet

Bilete frå Osafjellet

Onen, Skorsonen, Nuten og høgfjellet rundt Osafjellet gjennom ulike delar av sesongen.

Video frå Osafjellet